Hopp til hovedinnhold

Klikk her for viktig info om avvik i leveranser og faktura, og for å lese om utvikling i nettbutikk (oppdatert 13. november)

Omslagsbilde

«Blidøygd blåveis eg enno finn» : Johannes Skarprud (1874-1962) : diktar og bonde

Solberg, Olav

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 01.12.2025

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka handlar om Telemarks-diktaren Johannes Skarprud (1874–1962) frå Kviteseid. Det er ein biografi, men den er ikkje skriven etter same mal som biografiar flest. Stoffet låg ikkje til rette for det. Det kan vel også ha betydd noko at Johannes Skarprud var morfar min, og at eg stod han så nær som ein liten gut kan gjera. Dette måtte bli ei personleg bok. Johannes Skarprud var bonde på ein liten gard ved Bandak. Men det var først og fremst diktar han ville vera. Kva kom det av? Ingen av dei nærmaste i familien skauv på. Ikkje hadde han lært noko særleg på skulen som han kunne ha nytte av heller. Og når han attpåtil ville skrive norsk landsmål, vart utfordringane endå større. Heldigvis fanst det gode læremeistrar i heimbygda. Det var dei gode forteljarane. Mange av dei kunne ikkje lesa. Men det munnlege språket meistra dei, dei visste å ordleggja seg. I denne boka møter vi fleire av desse, men også andre som fekk mykje å seia for Johannes Skarprud, som diktarpresten Anders Hovden og avismannen Olav Gullvåg. Biografien fortel om Johannes Skarpruds innsats for å hjelpe fram det norske språket, og den frilynde tenkjemåten. Han heldt mengdevis av talar, og reiste land og strand for å overtyde andre om det han sjølv trudde på. Attpåtil vart han ein god diktar, med sans bl.a. for folkeleg humor. Dette trass i at han opplevde mange tunge stunder. Men han lét det ikkje gå inn på seg, han visste at det alltid kom ein vår med blåveis og sol over Bandak. Bokdesign: Sven Ohrvik ISBN: 978-82-93636-72-4 www.skriveakademiet.com www.skrivekurs.no Skriveakademiet 2025

Detaljer

  • ISBN/Varenr:

    9788293636724

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Skriveakademiet

  • Emne:

    Forfattere, Kviteseid, 1850-1899, 1900-1945

  • Målgruppe:

    , Voksne

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Utgave:

    1