Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Liv Nirisdotter Bratterud : eventyrforteljaren og balladesongaren som miste alt

Solberg, Olav

Innbundet

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka handlar om ei kvinne frå Bø i Midt-Telemark. Ho heitte Liv Nirisdotter Bratterud (1826-1892), og er av ettertida kjend som ein framifrå eventyrforteljar. I motsetning til mange tradisjonsberarar kom ho frå ei av dei beste bondeættene i det gamle Bøherad. Likevel enda ho som husmannskvinne på ein armodsplass i ville skogen. Grunnen var eit lite gjennomtenkt ekteskap med ein husmannsson som drakk opp alt ho hadde av verdiar. I boka følgjer eg Liv Nirisdotter Bratterud sitt liv frå vogge til grav. Eg skriv også om døtrene hennar, og om slektningar og vener som prøvde å hjelpe henne. Elles legg eg fram nye og dramatiske kjelder, i form av rettsdokument. Denne dokumenta.sjonen handlar om Livs ektemann, som fekk to fengselsdomar. Kva var det som fekk ei velståande kvinne til å velja ein fattig og valdeleg husmannsson? Og er det sant, slik enkelte kilder seier, at han emigrerte til Amerika? ... Olav Solberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker og vitskaplege artiklar og er ein av våre fremste spesialistar på folke.dikting og mellom.alderlitteratur.

Detaljer