Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Tones tragedie : balladesongaren Tone Høna : ei livsskildring

Solberg, Olav

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka handlar om ei fattig husmannsjente frå Lårdal i Øvre Telemark. Ho heitte Tone Marteinsdotter Høna (1805-1877) og er ein av dei fremste balladesongarane våre. Til nå har vi ikkje visst mykje om Tone Høna. Men i denne boka kjem vi henne på nært hald. Som ung jente fødde ho eit barn i dølgsmål. Dette var svært alvorleg og førte til at ho vart dømd til straff på tukthuset i Kristiansand. Ei lang rekke rettsdokument av ymse slag gjev oss eit eineståande nærbilete av Tone Høna. Saka hennar var jamvel oppe i Høgsterett. Og ikkje minst gjev soknepresten i Lårdal eit nærbilete av henne. Han skildrar Tone Høna som ein person som skil seg ut frå dei fleste andre, men også som eit menneske med uvanleg gode teoretiske evner. Presten har aldri opplevd maken, fortel han. Far til barnet Tone Høna sette til verda, var den nygifte storbonden på ein av dei nærmaste gardane. Men han ville heller ha husmannsjenta på den fattigaste plassen i heile soknet. Kva var det med Tone Marteinsdotter Høna som gjorde henne så tiltrekkjande? Og kva var årsaka til at så mange snudde ryggen til henne? ... Olav Solberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker og vitskaplege artiklar og er ein av våre fremste spesialistar på folkedikting og mellomalderlitteratur.

  • Utgivelsesdato:

    18.06.2023

  • ISBN/Varenr:

    9788293636274

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Skriveakademiet

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Emne:

    Musikere, Vokalmusikk, Kulturhistorie, Tokke

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Tones tragedie

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    107

  • Høyde:

    23.8 cm

  • Bredde:

    17 cm

Liv Nirisdotter Bratterud : eventyrforteljaren og balladesongaren som miste alt

Liv Nirisdotter Bratterud : eventyrforteljaren og balladesongaren som miste alt

Solberg, Olav
9788293636533 Innbundet
11.06.2024
Norsk (nynorsk)

I salg
Harpe og sverd : litteraturhistoriske essay om den norske balladen

Harpe og sverd : litteraturhistoriske essay om den norske balladen

Solberg, Olav
9788202705930 Heftet
15.12.2020
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Ringar i vatn : Telemarksdiktaren John Lie : heimbygda, bøkene, Amerika

Ringar i vatn : Telemarksdiktaren John Lie : heimbygda, bøkene, Amerika

Solberg, Olav
9788270997596 Innbundet
13.06.2014
Norsk (nynorsk)

I salg
Vil du meg lyde : balladsångare i Telemark på 1800-talet

Vil du meg lyde : balladsångare i Telemark på 1800-talet

Jonsson, Bengt R. • Solberg, Olav
9788270996636 Innbundet
15.12.2011
Norsk (nynorsk), Svensk

I salg
Inn i eventyret : norsk og europeisk forteljekunst

Inn i eventyret : norsk og europeisk forteljekunst

Solberg, Olav
9788202269432 Heftet
2007
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Norske folkeviser : våre beste balladar

Norske folkeviser : våre beste balladar

9788203186967 Innbundet
2003
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Forteljingar om drap : kriminalhistorier frå seinmellomalderen

Forteljingar om drap : kriminalhistorier frå seinmellomalderen

Solberg, Olav
9788276749717 Heftet
2003
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Norsk folkediktning : litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv

Norsk folkediktning : litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv

Solberg, Olav
9788245607406 Heftet
1999
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Tekst møter tekst : Kristin Lavransdatter og mellomalderen

Tekst møter tekst : Kristin Lavransdatter og mellomalderen

Solberg, Olav
9788203177613 Heftet
1997
Norsk (nynorsk)

Utsolgt