Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Helset, Stig Jarle Brunstad, Endre

Produseres på bestilling

Leveringstid: 1-6 uker

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no. Siktemålet med dette første nummeret av den nye vitskaplege skriftserien Skriftkultur er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt. Nummeret kastar lys over skriftkulturomgrepet i ein brei literacy-samanheng, samtidig som det har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen. Kva ligg i omgrepet skriftkultur? Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Kan vi snakke om ein eigen nynorsk litterær danningstradisjon? Og bør opplæringa i nynorsk skriftspråk lausrivast frå dialektane? Gjennom sju vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane ulike sider av skriftkulturen og skriftkulturstudiane i eit historisk og notidig perspektiv og i eit norsk/nordisk og internasjonalt perspektiv. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det skriftkulturelle feltet generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Detaljer