Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Form og formidling knytt til nynorsken

Produseres på bestilling

Leveringstid: 1-6 uker

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no. Utgangspunktet for dette nummeret av Skriftkultur er at det no er 150 år sidan Ivar Aasen lanserte landsmålet, som den gongen var utan valfridom i form- og bøyingsverket, og at dette skriftspråket av bestemte historiske årsaker har utvikla seg til eit nynorsk skriftspråk som er kjenneteikna av stor valfridom jamført med dei aller fleste andre offisielle skriftspråk i verda. Stendig nye rettskrivingar gjennom det 20. hundreåret medførte både motstand mot og vanskar ved implementeringa av reformene. Forlag og avishus laga sine eigne husnormer, og ei rekkje studiar har vist at elevar, studentar og jamvel lærarar har hatt vanskar med å halde styr på kva som til ei kvar tid er tillatne former i nynorsk. Samstundes blir norske elevar og studentar truleg eksponerte for meir bokmål enn nynorsk jamvel i kjerneområda for nynorsken på Vestlandet, noko som kan skape utfordringar for nynorskbrukarar. Gjennom seks vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane utfordringane og moglegheitene som knyter seg til bruk av, eksponering for og opplæring i det nynorske skriftspråket. Artiklane inkluderer spørsmål knytt til bruk av husnormer i nynorskorganisasjonar, avvik frå nynorskrettskrivinga i elevtekstar og eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonar. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, det vil seie kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det den nynorske skriftkulturelle praksisen.

  • Utgivelsesdato:

    17.10.2022

  • ISBN/Varenr:

    9788202779801

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Cappelen Damm akademisk, NOASP

  • Innbinding:

    Heftet

  • Fagtema:

    Språk og lingvistikk

  • Emne:

    Nynorsk, Skriftlig kommunikasjon, Formidling

  • Serie:

    Skriftkultur

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Utgave:

    1

  • Sider:

    187

  • Høyde:

    24 cm

  • Bredde:

    16.9 cm

I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule

I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule

9788202855604 Heftet
2024
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Engelsk

Produseres på bestilling
Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur : festskrift til Geir Hjorthol

Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur : festskrift til Geir Hjorthol

9788202826710 Heftet
12.12.2023
Engelsk, Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Språk, tekst og medvit

Språk, tekst og medvit

9788202731380 Heftet
13.10.2021
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk), Engelsk, Svensk

Produseres på bestilling
Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

9788202693527 Heftet
11.09.2020
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

9788202646356 Heftet
04.12.2019
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling