Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule

Produseres på bestilling

Leveringstid: 1-6 uker

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I dette sjette nummeret av skriftserien Skriftkultur rettar vi søkjelyset på eitt av skriftkulturens grenseland – nærare bestemt perioden der barn i alderen 0–8 år utviklar språk og vert innlemma i skriftkulturen og tekstsamfunnet. Barn byrjar den formelle opplæringa i lesing, skriving og skriftspråk når dei byrjar på skulen, og då vert dei offisielt opptekne som aspirantar i skriftkulturen. Likevel er skulestart berre ei av mange hendingar i prosessen der barn vert deltakarar i skriftkulturen og tekstsamfunnet. Innlemminga i det skriftlege skjer, i tillegg til i skulen, både i barnehagen, heime og elles på fritida. Vi kan altså snakka om eit stort grenseland til skriftkulturen som omfattar den tida i livet og dei aktivitetane barn held på med før dei til fulle meistrar skriftspråket. Dette grenselandet vert ofte omtala som tidleg eller emergent literacy og er kjenneteikna av aukande språkleg kompetanse både med omsyn til verbalt språk og skriftspråk. I dette temanummeret kan du lesa om korleis barn både vert innlemma og tek seg inn i tekstkulturen og skriftsamfunnet gjennom naturfaglege samtalar i barnehagen, songstunder, fagbiletboklesing, undrande samtalar om bokstavar, rolleleik, forteljingsskriving ved bruk av ressursar frå både populærkultur og skulekontekst, funksjonell skriveopplæring i skulen og eigeninitiert tekstproduksjon på fritida! Eit fellestrekk ved studiane er at barna som opptrer, anten dei er to, fem eller ti år gamle, aktivt utforskar og tileignar seg kunnskap om språk, tekstar og i siste instans, verda. Lat då desse aktivt arbeidande ungane vera dette temanummeret sitt synlegaste bidrag til den faglege samtalen om tidleg literacy, skriftkultur og lese- og skriveopplæring.

  • Utgivelsesdato:

    2024

  • ISBN/Varenr:

    9788202855604

  • Språk:

    Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Engelsk

  • Forlag:

    Cappelen Damm forskning

  • Innbinding:

    Heftet

  • Fagtema:

    Samfunn og samfunnsvitenskap

  • Emne:

    Lese- og skriveopplæring

  • Serie:

    Skriftkultur 6

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originalspråk:

    Engelsk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

  • Sider:

    308

  • Høyde:

    24 cm

  • Bredde:

    17 cm

Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur : festskrift til Geir Hjorthol

Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur : festskrift til Geir Hjorthol

9788202826710 Heftet
12.12.2023
Engelsk, Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Form og formidling knytt til nynorsken

Form og formidling knytt til nynorsken

9788202779801 Heftet
17.10.2022
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Språk, tekst og medvit

Språk, tekst og medvit

9788202731380 Heftet
13.10.2021
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk), Engelsk, Svensk

Produseres på bestilling
Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

9788202693527 Heftet
11.09.2020
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

9788202646356 Heftet
04.12.2019
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling