Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Skodjesoga : skogbygder i fjordlandskap. Band 1. Frå dei eldste tider til 1894

Krøvel, Harald

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Folk i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene her ein eigen identitet i eldre tid. Nærleiken til den skogfattige kysten gjorde at det fanst ein lett tilgjengeleg marknad både for tømmer, ved og tjøre, etter kvart også for tønner, kasser og andre handverksprodukt. Etter folketapet under svartedauden og påfølgjande pestepidemiar i seinmellomalderen opplevde Skodje ein makelaus vekst på 1500-talet og i første delen av 1600-talet. Jord vart lagd under plogen, gardar rydda, og grender vaks fram. Det var òg i denne perioden trelasteksporten knytte grendene i Skodje til internasjonale handelsnettverk. I spenninga mellom lokale føresetnader og ytre impulsar vart Skodje-samfunnet forma. Etter ein meir stabil periode i siste delen av 1600-talet og på 1700-talet skaut utviklinga på ny fart på 1800-talet, med folketalsauke, næringsutvikling og indre samfunnsvekst. Nærleiken til byen Ålesund skapte opningar for nye næringar, samstundes som den lokale samfunnsstyringa og kulturlivet fekk ei ny retning i møtet mellom bygdetradisjonar og allmenne straumdrag i samtida. Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910-2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

  • Utgivelsesdato:

    14.10.2021

  • ISBN/Varenr:

    9788283050820

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Museumsforlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Kulturhistorie, Lokalhistorie, Skodje

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Skodjesoga. Band 1. Frå dei eldste tider til 1894

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    347

  • Høyde:

    28.4 cm

  • Bredde:

    13.7 cm

Soga om Sogn og Fjordane. Band 1. Folk i fjordrike : før 1763

Soga om Sogn og Fjordane. Band 1. Folk i fjordrike : før 1763

Krøvel, Harald • Tafjord, Harald Endre
9788245019148 Innbundet
25.10.2017
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Soga om Sogn og Fjordane I-IV

Soga om Sogn og Fjordane I-IV

Krøvel, Harald • Tafjord, Harald Endre • Timberlid, Jan Anders • Hoel, Oddmund Løkensgard • Roll-Hansen, Hege
9788245019131 Innbundet
23.10.2017
Norsk (nynorsk)

I salg