

Gudstrua, samfunnet og politikken : religiøs kultur på Nordvestlandet gjennom «det lange 1800-talet"
Leveringstid: 1-6 uker
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Tidsperioden mellom den franske revolusjonen og første verdskrigen kan karakteriserast som det «lange 1800-talet». Tida var prega av store brytningar og omskifte – samfunnet endra seg frå det tradisjonelle til det moderne. I dette forløpet oppstod ulike vekselverknader mellom religionen og andre delar av samfunnet, ikkje minst i høve sosiale og politiske problemstillingar. Innanfor eit landskap prega av modernisering og sekularisering stod den religiøse kulturen overfor endringar. Kva kan seiast om desse prosessane, og meir konkret: kva vegar, former og uttrykk fekk dei på den norske landsbygda? Gudstrua, samfunnet og politikken er ei samling med vitskaplege granskingar som tar tak i denne overordna tematikken. Boka presenterer ny forsking om religiøs kultur på Nordvestlandet i ein omskifteleg og innhaldsrik historisk periode. Gjennom dei i alt ni kapitla kan du mellom anna lese om Haugerørsla, politiske prestar, folkehøgskular, bedehus, emissærar, profetinner, skulehaldarar, ynglingeforeiningar, organisasjonsliv og meir. Alt dette gir innsyn i korleis religiøs kultur gjorde seg gjeldande på fleire område. Dette indikerer igjen at religion og religiøsitet må inkluderast i analysen om framveksten av det moderne Noreg. Religionsfag Profil er ein serie frå Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda. Boka er nr. 52 i serien.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
17.03.2026
-
ISBN:
9788202908997
-
Språk:
-
Forlag:
Cappelen Damm akademisk -
Fagtema:
-
Emne:
, 1800-tallet , Vestland , Kristendom
-
Serie:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Gudstrua, samfunnet og politikken
-
Originalspråk:
, Norsk (bokmål)
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm
-
Medarbeider/bidragsyter:






