
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Arbeid med ungdom er skriven for elevar på VK1 barne- og ungdomsarbeidarfag og for vaksenopplæring. Boka dekkjer modulane 5 og 6 i pedagogikk med metodelære for aldersgruppa 10-18 år. Ho består av tre delar: Tenkjemåtar og arbeidsmåtar, Saman om å forstå og handle og Det praktiske og det estetiske. Boka byggjer på det kunnskapssynet at fagleg utvikling er avhengig av eit godt samspel og ein god dialog mellom alle som skal ta del i opplæringa. Vi håpar at læreboka kan medverke til å skape ein atmosfære av vitelyst og engasjerte diskusjonar mellom lærarar, elevar og representantar for praksisfeltet. Ho vil òg vere nyttig lesing for personale som driv med ungdomsarbeid i kommunale og frivillige organisasjonar. Forfattaren Willy Aagre er førstelektor og ungdomsforskar ved Høgskolen i Vestfold. Han har arbeidd med fritidspedagogikk og har skrive fleire lærebøker i emnet.








