
Forventes utgitt: 05.02.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Akademisk skriving er ei ferdigheit som må lærast – og ein føresetnad for læring, fagleg utvikling og profesjonsforståing. I Å skrive seg inn i profesjonen blir akademisk skriving utforska som ein integrert del av profesjonsutdanningane. Antologien samlar bidrag frå ulike fagtradisjonar og gir eit breitt og forskingsbasert bilete av korleis skriving blir forma av praksis, støtte og institusjonelle rammer. Forfattarane viser korleis skriving ikkje berre er eit individuelt arbeid, men noko som blir utvikla i samspel mellom studentar, fagmiljø og strukturar i utdanninga. Boka tek mellom anna opp: korleis fagmiljø kan styrke kulturar for skriving og læring korleis rettleiing og fagleg støtte påverkar skriving, identitet og kompetanse korleis strukturar som samskriving og organiserte rammer formar skrivepraksisar Med ein kombinasjon av teori og empiriske døme frå utdanningsfeltet gir boka ny innsikt i arbeidsmåtar knytte til akademisk skriving i profesjonsutdanning. Å skrive seg inn i profesjonen er særleg relevant for fagtilsette og utviklarar i høgare utdanning, men vil òg vere nyttig for studentar i profesjonsutdanningar og lærarar i vidaregåande opplæring.
Detaljer
-
Redaktør:
-
ISBN:
9788245059045
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforlaget
-
Fagtema:
Språk og lingvistikk
-
Emne:
Høyere utdanning, Oppgaveskriving, Tekstkompetanse
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Utgave:
1

