
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.
Detaljer
-
Oversetter:
-
Utgivelsesdato:
09.04.2013
-
ISBN/Varenr:
9788205418455
-
Språk:
-
Forlag:
Gyldendal
-
Emne:
Frankrike, Overklassen, Kjærlighet, 1850-1899, 1900-1945
-
Serie:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
Romaner
-
Originaltittel:
À la recherche du temps perdu. Du côté de chez Swann
-
Originalspråk:
, Fransk
-
Sider:
407
-
Høyde:
22.3 cm
-
Bredde:
15.4 cm



![Forsidebilde av På sporet av den tapte tid. [I]. Veien til Swann](https://images.bibliotekenes.dev/?source=https%3A%2F%2Fmedia.aja.bs.no%2Fb5c94880-fd19-47e6-8551-1bb4c0213c54%2Foriginal.jpg)

















