Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 8.1)

Placeholder image

Swanns kjærlighet

Proust, Marcel

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.

Detaljer