Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 5. september)

Omslagsbilde

Terrorisme i norsk strafferett : ein analyse av straffelova kapittel 18

Husabø, Erling Johannes

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar. Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane. Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten. Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

  • Utgivelsesdato:

    04.10.2018

  • ISBN/Varenr:

    9788245024371

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Fagbokforlaget

  • Fagtema:

    Jus

  • Emne:

    Terrorisme, Norge

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originaltittel:

    Terrorisme i norsk strafferett

  • Sider:

    355

  • Høyde:

    24.6 cm

  • Bredde:

    18 cm

Frihet, forbrytelse og straff

Frihet, forbrytelse og straff

9788245046397 Innbundet
09.08.2023
Norsk (bokmål)

I salg
Rett i vest : festskrift til 50-årsjubileet for jurist-utdanningen ved Universitetet i Bergen

Rett i vest : festskrift til 50-årsjubileet for jurist-utdanningen ved Universitetet i Bergen

9788245027945 Innbundet
13.09.2019
Engelsk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Utsolgt
Straffansvarets periferi : medverking, forsøk, førebuing

Straffansvarets periferi : medverking, forsøk, førebuing

9788213029315 Heftet
2011
Norsk (nynorsk)

Produseres på bestilling
Rett til sjølvvalt livsavslutning?

Rett til sjølvvalt livsavslutning?

9788241703331 Innbundet
1994
Norsk (bokmål)

Utsolgt