
Fleire vegar mot mål : lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole
Heftet
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Korleis kan ein hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole? Fleire vegar mot mål har som si grunnhaldning at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte. Fleire vegar mot mål er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst ei mengd forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Forslaga er vitskapleg forankra, og boka gir òg innsikt i noko av det teoretiske grunnlaget i ein eigen teoridel. Kombinasjonen av teori og praksis gjer boka veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar. Dei praktisk retta kapitla er òg tenkt som hjelp, nytte og inspirasjon for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole. Boka inneheld blant anna: praktiske lærings- og undervisningsopplegg oversyn over moglege hjelpemiddel definisjonar av lese- og skrivevanskar innføring i læringsteoriar eksempelhistorier frå skolar og forskingsprosjekt
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2007
-
ISBN:
9788202269913
-
Språk:
-
Forlag:
Cappelen akademisk -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Fleire vegar mot mål
-
Sider:
233
-
Høyde:
21 cm
-
Bredde:
14.8 cm

