
Kvalifisering til læraryrket
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Denne boka legg fram ny empirisk forsking på lærarrolla og på kvalifiseringa til læraryrket. Ho studerer ulike sider ved allmennlærarutdanninga og det som skjer i yrket i skulen. Temaet er svært aktuelt, dels fordi lærarutdanninga er under endring, og fordi læraren er særs viktig for elevane si læring. Boka er resultatet av eit fireårig prosjektsamarbeid mellom forskarar ved Universitetet i Stavanger og Høgskulane i Volda, Sogn og Fjordane og Oslo. Kapitla i boka fortel i klartekst at kvalifiseringa er samansett og innfløkt. Ho er ikkje avhengig av eller bestemt av berre eitt eller nokre få element. I dette ligg også at det er store individuelle variasjonar i korleis dei ulike faktorane slår ut. Med bakgrunn i innhaldet i denne boka ligg det opp i dagen at det er behov for å utvide perspektivet på lærarkvalifiseringa. Boka handlar ikkje berre om grunnutdanninga, men også om mykje av det som skjer i skulen i det heile. Å gjere spørsmåla om kvalifisering til ein del av den daglege verksemda i skulen vil vere ein naturleg konsekvens.
-
Utgivelsesdato:
11.06.2010
-
ISBN/Varenr:
9788279352914
-
Språk:
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Abstrakt
-
Innbinding:
Heftet
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Emne:
Profesjonsutdanning, Lærerrollen
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Faglitteratur
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)
-
Sider:
356
-
Høyde:
22.8 cm
-
Bredde:
16.5 cm