Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 25. september)

Omslagsbilde

Den gylne mellomvegen : tema frå Venstres historie 1905-1940

Mjeldheim, Leiv

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Venstre var regjeringsparti i meir enn halvparten av perioden 1905.40 og sette sitt preg på norsk politikk under leiing av to profilerte førarar: Gunnar Knudsen og Johan Ludwig Mowinckel. Etter 1905 søkte Venstre å rydda seg eit breitt rom i det politiske sentrum og følgja ein «gyllen mellomveg» mellom Høgre og det raskt veksande sosialdemokratiske partiet. Boka fortel historia om korleis Venstre møtte utfordringane langs denne vegen i ein periode da interessekampen og dei sosiale motsetningane i samfunnet hardna til. Under Gunnar Knudsens leiarskap nådde partiet eit høgdepunkt i veljartilslutning og styringsmakt, men medgangen kulminerte under første verdskrigen, og partiet tapte stadig terreng ved vala i mellomkrigstida. Med Johan Ludwig Mowinckel som strateg greidde det likevel å hevda seg i det parlamentariske spelet om regjeringsmakta inntil 1935. I opposisjonsrolla dei følgjande åra la Venstre bort regjeringsambisjonane og vart i høg grad støttespelar for det sigrande Arbeidarpartiet. . Framstillinga i boka er inndelt tematisk så lesarane kan velja ut emne av spesiell interesse. Leiv Mjeldheim er professor emeritus i historie ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut mellom anna Parti og rørsle. Ein studie av Venstre i landkrinsane 1906.1918 (1978) og Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984).

Detaljer

  • Utgivelsesdato:

    2006

  • ISBN/Varenr:

    9788241903847

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Vigmostad Bjørke

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Sider:

    650