Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Buongiorno! 1Nybyrjarkurs i italiensk C-språk for den vidaregåande skolen og vaksenopplæring.Til Buongiorno! 1 høyrer. tekstbok. arbeidsbok. CD-ar. fasit. lærarrettleiingTekstboka inneheld dialogar og små lesestykke, lytteprøver og skriftlege og munnlege oppgåver. Leksjonane er delte i ein A- og B-del, der A-delen øver inn dei viktigaste strukturane, mens B-delen utdjupar og set stoffet inn i nye samanhengar. Ny grammatikk blir presentert i oversiktlege rammer i kvar leksjon. I tillegg står det ein minigrammatikk bak i boka.Arbeidsboka har ulike typar oppgåver - frå rein drill til friskrivingsoppgåver. Det er lagt inn fire "Test deg sjølv"-prøver som oppsummerer kunnskapen undervegs, oversikt over ny grammatikk til kvar leksjon og eit alfabetisk glossar.To CD-ar presenterer alt lydstoffet til tekstboka og til dei fire "Test deg sjølv"-prøvene i arbeidsboka. Dei høver både til avspeling i klassen og til heimeøvingar.Fasiten inneheld svar på alle oppgåvene i arbeidsboka, bortsett frå "Test deg sjølv"-prøvene og friskrivingsoppgåvene.Lærarrettleiinga inneheld pedagogiske tips, utskrift av lytteøvingar i læreboka og fasit til "Test deg sjølv"-prøvene. I tillegg er det utfyllande kommentarar til alle geografiske stader og italienske kulturfenomen som er nemnde i læreboka.

Detaljer