Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Buongiorno! 1Nybyrjarkurs i italiensk C-språk for den vidaregåande skolen og vaksenopplæring. Til Buongiorno! 1 høyrer tekstbok arbeidsbok CD-ar fasit lærarrettleiing Tekstboka inneheld dialogar og små lesestykke, lytteprøver og skriftlege og munnlege oppgåver. Leksjonane er delte i ein A- og ein B-del, der A-delen øver inn dei viktigaste strukturane, mens B-delen utdjupar og set stoffet i nye samanhengar. Ny grammatikk blir presentert i oversiktlege rammer i kvar leksjon. I tillegg står det ein minigrammatikk bak i boka. Arbeidsboka har ulike typar oppgåver . frå rein drill til friskrivingsoppgåver. Det er lagt inn fire "Test deg sjølv"-prøver som oppsummerer kunnskapen undervegs, oversikt over ny grammatikk til kvar leksjon og eit alfabetisk glossar. To CD-ar presenterer alt lyttestoffet til tekstboka og til dei fire "Test deg sjølv"-prøvene i arbeidsboka. Dei høver både til avspeling i klassen og til heimeøvingar. Fasiten inneheld svar på alle oppgåvene i arbeidsboka, bortsett frå friskrivingsoppgåvene. Lærarrettleiinga inneheld pedagogiske tips, utskrift av lytteøvingar i læreboka og "Test deg sjølv"-prøvene i arbeidsboka. I tillegg er det utfyllande kommentarer til alle geografiske stader og italienske kulturfenomen som er nemnde i læreboka.

Detaljer