Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Undertittel: roman. "Love light" er eit sjølvstendig framhald av romanen "Himmelkyss". Vi møter att ein Kjetil som har vorte litt eldre og litt klokare, men framleis er han på leiting etter den store kjærleiken. Med vonaom at det var henne han trefte ein gong, legg han ut på ei ny reise, etter Sara, jenta frå "Himmelkyss". Turen går først til Amerika, og i leigd bil ogmed eit tilfeldig reisefylgje, råkar Kjetil ut for dei mest utrulege hendingar og personar med spennande parallellar til kjende amerikanske filmar og musikk. Det er små spor etter Sara som stadig fører han vidare på leiting, før han til slutt endar opp i Israel. Også denne boka er skriven i eg-form, og persongalleriet er greit å halde oversikt over. Forfattaren har framleis grepet om personane sine, og evner å skrive ei medrivande forteljing. Teksten flyt lett i ei god og moderne nynorsk språkdrakt. Samlaget, 1996. 149 s. Nyn.
-
Utgivelsesdato:
1996
-
ISBN/Varenr:
9788252148725
-
Språk:
-
Forlag:
Samlaget
-
Målgruppe:
, Ungdom
-
Alder:
13 - 16
-
Litteraturtype:
-
Form:
Romaner
-
Originaltittel:
Love light
-
Sider:
149
-
Høyde:
21 cm
-
Bredde:
13.7 cm