Leiarskap for det ukjende : om mot, tillit og det systemet aldri spør om
Heftet
Forventes utgitt: 25.11.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Med humor, sjølvironi og ein god dose alvor tek forfattaren oss med inn i ein kvardag der det umoglege nærast er blitt normalen. Gjennom eigne erfaringar, feilgrep og ny innsikt utfordrar han etablerte sanningar om leiarskap, og viser ein annan måte å arbeide på, som byggjer tillit i organisasjonen og gjev menneske handlingsrom. «Vi vil berre ta ei avgjerd om evakuering ut frå kva kommunen, og du, meiner.» Innsatsleiaren frå politiet såg på kommunedirektøren, som ein augneblink lurte på om dei hadde forveksla han med ein geolog. Han kunne mykje om økonomiplanar, politiske prosessar og HR. Geologi? Han hadde gått litt i fjellet. No måtte han avgjere om 600 menneske skulle evakuerast. Han var den minst kvalifiserte i rommet, men den med mest ansvar. Kva skjer når leiarar sluttar å late som dei har kontroll? Som kommunedirektør såg forfattaren tal planar, strategiar og rapportar vekse medan tenestene stod stille. Systema var bygde for ei verd som ikkje lenger finst. Så prøvde han noko anna. Ei reise som enda med at over 300 tilsette gjekk over til å arbeide i team utan tradisjonelle leiarar. Det kravde mot å gje frå seg kontrollen, og tillit til at dei tilsette kunne meir enn det systemet gav dei rom for. Denne boka handlar om kva som skjedde då, og om det systemet aldri spør om.
Detaljer
-
ISBN:
9788244624886
-
Språk:
-
Forlag:
Kommuneforlaget -
Fagtema:
-
Emne:
, Ledelse
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Leiarskap for det ukjende
