

Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag. Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: - kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? - Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? - nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. - korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? - kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan sikkerheitsnett? - kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss? Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. "Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag", arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2006
-
ISBN/Varenr:
9788251921688
-
Språk:
-
Forlag:
Tapir akademisk forlag
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Emne:
Skriving, Undervisning
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Sider:
115







