
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Arne Hjeltnes reiser Noreg rundt for å forstå meir av den norske ølrevolusjonen. På nokre få år har det dukka opp hundrevis av mikrobryggeri her i landet. Arne er innom 15–20 bryggeri i bygd og by for å treffa folka bak ølet. Boka tar for seg mange artige ølsortar, men det er dei fargerike bryggarane som er hovudpersonane i boka. Dei er entusiastar som har satsa mykje, av og til alt, i trua på sitt eige brygg. Det er slike folk som har skapt den norske ølrevolusjonen. Gode galningar med idear, folk som skapar noko. Du vil finne mykje godt øl i denne boka om gründarskap og entusiasme. Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl. Om forfattaren Arne Hjeltnes har skrive 20 bøker. Han har vore engasjert i lokal mat både i bokform og i tv-seriar. Denne boka om norske ølbryggarar føyer seg inn i rekka av hans engasjement for det som gror av mat- og drikkekultur i bygd og by.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
15.10.2018
-
ISBN:
9788205514577
-
Språk:
-
Forlag:
Gyldendal -
Fagtema:
-
Emne:
, Øl , Norge , Mikrobryggerier
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Sider:
251
-
Høyde:
26.3 cm
-
Bredde:
21 cm
-
Fotograf:








