Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 3. oktober)

Omslagsbilde

Fangst forlis forbod : norsk selfangst og GC Rieber i opp- og nedturar

Alme, Johannes Bjarne

Innbundet

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Fangst Forlis ForbodNorsk selfangst og GC Rieber i opp- og nedturar«Fangst Forlis Forbod» er ei faktabasert forteljing om den stolte selfangstnæringa si oppgang og fall – frå isflaka i Ishavet via catwalken i Paris til gateopprør i EU. Johannes Alme tek lesaren med inn i nerven til denne næringa og dokumenterer kor viktig ho har vore for det norske verdigrunnlaget og verdiskapinga i Noreg. Alle som er interesserte i korleis naturtilhøve, demokrati, politikk og rammevilkår påverkar oss, bør lese denne boka.Boka skildrar både viktige samfunnsmessige utviklingstrekk på 1900-talet og enkelthendingar og drama i ei næring som var avgjerande for arbeidsplassar, busetjing og velferd langs kysten vår, særleg på Sunnmøre og i Nord-Noreg. Kvinnene og familiane si rolle i næringa er spesielt vektlagd fleire stader i boka.Tekstane er supplerte med eit rikt bilete- og statistikkmateriale, i tillegg til skrøner og historier frå eit fritalande fangst- og fiskarmiljø. Den generelle presentasjonen er illustrert gjennom historia om firmaet GC Rieber AS i Bergen, som var verdsleiande innan selprodukt, og eigaren og mangeårige leiaren Chr. Rieber, ein sentral støttespelar for fangstnæringa og ein internasjonalt anerkjend nestor innan omsetninga av selprodukt i verda.«Fangst Forlis Forbod» bør liggje på alle gåvebord til folk med tilknyting til kysten og havet – og til alle andre som er nysgjerrige på korleis landet vårt har utvikla seg.

Detaljer

  • Utgivelsesdato:

    18.03.2025

  • ISBN/Varenr:

    9788291003139

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Ishavsmuseet Aarvak

  • Fagtema:

    Økonomi, finans, næringsliv og ledelse

  • Emne:

    Selfangst

  • Målgruppe:

    , Voksne

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Fangst forlis forbod

  • Sider:

    296

  • Høyde:

    27.8 cm

  • Bredde:

    21.5 cm