

Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet. Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend. Den unge revisoren Thomas Berntzen sit på banksjefens nabokontor og er heilt i hans vald. Når han finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne. Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik, svik og klassekamp, basert på den verkelege historia om svindelen som endra Noreg.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
29.09.2025
-
ISBN/Varenr:
9788203459559
-
Språk:
-
Forlag:
Aschehoug
-
Sjanger:
Historiske fortellinger
-
Emne:
1800-tallet, Økonomiske kriser, Arendal, LHBT+
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Sider:
399
-
Høyde:
20.8 cm
-
Bredde:
13.4 cm