Forventes utgitt: 22.10.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
om du legg hovudet litt på skakke vil du kan henda få høyra kva dyra har på hjartet jazzkonsert på låven du lyttar til svalenes brå moduleringar oppunder takbjelken Dropen ytst på hasselbladet og dropen inst i augekråa, er han den same? At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Thor Magnus Tangerås’ fjerde diktsamling. Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre? Denne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast.








