Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Vestlandet : 99 reisetips til ein briljant ferie

Garfors, Gunnar

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I braksuksessen og bestseljaren frå 2021 «Bortom allfarveg» tok den kjende reiseeksperten Gunnar Garfors oss med på ei eventyrleg oppdagingsferd i heile Noreg. I denne oppfølgjaren reiser vi til Vestlandet for å leite etter spennande og ukjende opplevingar i særklasse. Vestlandet er meir enn Bergen, Preikestolen og smale fjordar. Det kryr av spektakulær og urørt natur, vakker arkitektur, særeigne overnattingsstader og restaurantar som serverer mat og drikke i verdsklasse. Men sjølv vestlendingen har mykje å oppdage i eigen landsdel, for mykje av det Noregs kanskje mest reiseglade forfattar inviterer oss med på er ein godt bevart løyndom for dei fleste. Med «Bortom allfarveg: Vestlandet» er det mogleg å planlegge ein fullstendig vestlandsferie, anten du vil reise åleine, saman med familie og vener eller vil ta med kjærasten på ein romantisk getaway. Kva med hjortebrølsafari, overnatting i hengekøyer og eksklusive designhytter kombinert med sidersmaking ved Sognefjorden ein varm sommarkveld? Dei siste åra har vi fått opp auga for vårt eige land, og det er mykje som tyder på at trenden er varig. Ja, vi kjem til å reise til utlandet igjen, men kanskje meir på langturar, medan vi for kortare turar kanskje vil velje det nære. Ved å bytte ut helgeturar til London, Paris og New York med turar til Ulvik, Solvorn eller Bremanger kuttar vi ikkje berre utslepp - opplevingane kan absolutt ta opp konkurransen med det vi er vande til utanskjærs. Boka utvider biletet vårt av Vestlandet og guidar oss til stader dei fleste av oss ikkje ville funne fram til på eigenhand. Her finn vi, sjølvsagt, ikkje dei vanlege turistmagnetar der vi må stå i kø, men alternative opplevingar som gir oss kjensla av å oppdage noko nytt, litt på same måten som når vi dumpar innom ein bortgøymd kafé i ei bakgate i Roma.

  • Utgivelsesdato:

    29.03.2022

  • ISBN/Varenr:

    9788279593393

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Skald

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Reiser, Vestlandet

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Bortom allfarveg Vestlandet : 99 reisetips til ein briljant ferie

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    319

  • Høyde:

    21.8 cm

  • Bredde:

    18 cm

Mellom linjene : på liv og død langs ekvator og polarsirklane

Mellom linjene : på liv og død langs ekvator og polarsirklane

Garfors, Gunnar
9788279593911 Innbundet
25.03.2025
Norsk (nynorsk)

I salg
Austlandet : 88 fabelaktige reisetips

Austlandet : 88 fabelaktige reisetips

Garfors, Gunnar
9788279593553 Innbundet
08.09.2023
Norsk (nynorsk)

I salg
Omakase : japansk gourmet på 1-2-3

Omakase : japansk gourmet på 1-2-3

Garfors, Gunnar • Pak, Vladimir
9788243014411 Innbundet
01.11.2022
Norsk (bokmål)

I salg
Bortom allfarveg : 81 reisetips til ein spektakulær norgesferie

Bortom allfarveg : 81 reisetips til ein spektakulær norgesferie

Garfors, Gunnar
9788279593300 Innbundet
13.04.2021
Norsk (nynorsk)

I salg
Ingenstad : på tur til verdas minst besøkte land

Ingenstad : på tur til verdas minst besøkte land

Garfors, Gunnar
9788279592907 Innbundet
24.04.2019
Norsk (nynorsk)

I salg
Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord

Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord

Garfors, Gunnar • Hattestein, Heidi • Hellesen, Terje • Haaland, Agnete • Liabø, Marita • Losnegård, Idun • Lunden, Eldrid • Nupen, Vidar • Sande, Hans • Sele, Katrine • Staalesen, Gunnar • Timberlid, Rune • Torsheim, Jorun • Urdal, Fridtjov • Vennerød, Maria Tryti • Værøyvik, Sissel • Øvretveit, Ole Johannes Hesjedal • Aase, Ronny Brede
9788282400862 Innbundet
14.11.2014
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk)

I salg
198 : mi reise til alle verdas land

198 : mi reise til alle verdas land

Garfors, Gunnar
9788252184587 Heftet
15.09.2014
Norsk (nynorsk)

Utsolgt