
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
I over 50 år har arbeidsfolk i kjeledress sikra at oljestraumen frå Statfjordfeltet har gjeve gode inntekter til Noreg. Kven er dei som har halde liv i plattformene? I bøkene om oljeindustrien er det ofte sjefane som får merksemda, men no er det på tide å løfte fram fotfolket på Statfjord, som har spela ei avgjerande rolle. Her kan du lese om skipa som har segla på feltet, den krevjande helikoptertrafikken, og folka som jobbar i drilling, catering, serviceselskap og hjå operatøren.Sverre Sangolt kjem frå Skogsvåg i Vestland fylke. Han har arbeidd som riggelektrikar på Statfjord-feltet sidan produksjonen starta i 1979. Med berre nokre få avbrot har han vore ein del av mannskapet i over 36 år. I tillegg til arbeidet offshore har Sangolt engasjert seg i å dokumentere og bevare kystkulturen. Hausten 2024 fekk han Sund Sogelag sin Kulturminnepris for sitt arbeid med formidling og konkrete tiltak innan kulturvern.
-
Utgivelsesdato:
03.12.2024
-
ISBN/Varenr:
9788281633247
-
Språk:
-
Forlag:
Kapabel
-
Fagtema:
Økonomi, finans, næringsliv og ledelse
-
Emne:
Statfjordfeltet, Oljearbeidere, Oljeindustri, Norge
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Statfjordfeltet
-
Sider:
272
-
Høyde:
29 cm
-
Bredde:
21.7 cm