Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å lese om avvik i bokleveranser (oppdatert 18.8)

Omslagsbilde

Rosendal gjennom fire årstider

Svardal, Synnøve Vindheim

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Rosendal gjennom fire årstider er ei natur og kulturbok om bygda Rosendal som ligg i munninga av Hardangerfjorden. Praktboka byrjar med eit historisk sveip frå starten av båtbyggjartida omkring 1850 og fram til no. Store fargebilete av storslått natur, fjellturar, kulturliv og Baroniet Rosendal, tek deg gjennom fire årstider. Det same gjer portrett av personar frå bygda. I boka finn du også matoppskrifter til kvar årstid, sett saman av kokk Beate Hannisdal. Rosendal gjennom fire årstider er ei fotografisk reise gjennom fire årstider i all slags vêr og visar andre og annleis bilete frå hardangerbygda. Ho gir eit innblikk i lokal kultur og tradisjon. Boka har òg portrett av kjente kunstnarar der dei skildrar deira tilknytning til Rosendal. Nico Widerberg, Kjell Nupen og Ulf Nilsen er blant intervjuobjekta.