
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Forfattaren Tarjei Vesaas skreiv mange skodespel, både for scenen og for radiomediet. Denne framstillinga handlar om dei drama-arbeida som primært tematiserer krig, krigsangst, problem knytt til menneskeleg vondskap og nærskylde tema – som også er påtrengande aktuelle i dag. Når Vesaas går inn i krigstematikkar, vel han som regel dramaforma. Spørsmåla som reiser seg i ein krigssituasjon behandlar forfattaren gjennom eit ekspresjonistisk teaterspråk, med stilisert handling og bruk av markante visuelle og auditive verkemiddel. Som ung forfattar var Tarjei Vesaas på fleire stipendreiser, og særskilt i Tyskland såg han mange teaterstykke som inspirerte han. Dramadiktinga til Vesaas er forbausande moderne for si tid, der han også tek i bruk grep ein kjenner frå det absurde teateret, spesielt i skodespelet «Signalet» som aldri har blitt oppført. Dramadiktinga, som ofte har blitt nedvurdert, gjer biletet av diktaren meir fullstendig. Igjen utforskar Vesaas si eiga litterære form heile tida og er kanskje så moderne for si samtid at ein ikkje heilt greidde å forstå rekkjevidda av denne delen av diktinga. Regissør Kai Johnsen, som lyfte fram Jon Fosse som dramatikar, seier det slik: «I Tarjei Vesaas gikk kanskje norsk teater på denne tiden glipp av en potensiell verdensdramatiker. Hans åpenbare teaterinteresse og hans begynnende forsøk som dramatiker ble, hvis man nå skulle dyrke etterpåklokskapen, ikke møtt med tilstrekkelig forståelse for hans helt spesielle potensiale».
-
Utgivelsesdato:
21.08.2025
-
ISBN/Varenr:
9788230403792
-
Språk:
-
Forlag:
SAP Scandinavian Academic Press
-
Fagtema:
Kunst
-
Emne:
Forfattere, Teater
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Tarjei Vesaas og teateret
-
Sider:
243
-
Høyde:
21 cm
-
Bredde:
13.3 cm