Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 5. september)

Omslagsbilde

Frå heim til heim : blikk på eldreomsorga i Kvinnherad

Hus, Kristian

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I denne boka får du vita korleis mange kvinnheringar har det når dei blir så pass gamle og skrøpelege at dei ikkje kan greia seg sjølve og bu heime lengre. Då går gjerne turen til ein av alders- eller sjukeheimane i kommunen. Boka Frå heim til heim gjev oss eit godt innblikk i korleis kvardagen er på desse heimane. Mange av oss har familie, vener eller kjensfolk buande her delar av livet sitt. I boka får vi helsa på mange av dei som bur her, forutan dei som arbeider på heimane eller som gjennom friviljug arbeid gjer kvardagen til dei gamle litt betre. Frå heim til heim er ein oppfølgjar av Godt vaksen, som kom ut hausten 2015. Sjølv om nokre av historiane er bygd over same leist, får vi no eit langt betre innblikk i eldreomsorga i Kvinnherad. Det trur vi både unge og gamle har godt av å lesa om. Det handlar om å bry seg om folk rundt oss. Dessutan vil debatten om korleis det offentlege skal bidra til at seniorane har det godt, fortsetja i åra frametter. Vi håpar og trur at denne boka gir eit nyttig og spennande innblikk i korleis dei gamle sjølve opplever livet på alders- og sjukeheimane. Boka er skriven av Kristian Hus, som har lang erfaring frå mediebransjen og som også har hatt ei rekke verv innan organisasjons- og næringslivet i Kvinnherad. Bileta er stort sett tekne av Kristen Børje Hus, som også har gjort den grafiske formgjevinga av boka. Gjennom arbeidet har far og son Hus fått nye, sterke og gode møte med ulike skjebne og livserfaringar.

  • Utgivelsesdato:

    2016

  • ISBN/Varenr:

    9788269012811

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Multipleks design

  • Fagtema:

    Samfunn og samfunnsvitenskap

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Utgave:

    1

  • Sider:

    235

  • Høyde:

    24.7 cm

  • Bredde:

    17.7 cm

Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024. Del 2

Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024. Del 2

9788230365458 Innbundet
08.11.2024
Norsk (nynorsk)

I salg
Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år

Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år

9788269171051 Innbundet
29.11.2023
Norsk (nynorsk)

I salg
Kristian Hus : skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år

Kristian Hus : skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år

9788269171013 Innbundet
12.10.2020
Norsk (nynorsk)

I salg
Dokter Haugen : lege i Kvinnherad 1934-1979

Dokter Haugen : lege i Kvinnherad 1934-1979

9788269171006 Innbundet
26.07.2019
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Dokter Haugen : lege i Kvinnherad 1934-1979

Dokter Haugen : lege i Kvinnherad 1934-1979

9788230341582 Innbundet
23.04.2019
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Den sindige villmannen : om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg

Den sindige villmannen : om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg

9788230339411 Innbundet
14.09.2018
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Godt vaksen : kvinnheringar fortel og reflekterer over livet

Godt vaksen : kvinnheringar fortel og reflekterer over livet

9788269012804 Innbundet
05.11.2015
Norsk (nynorsk)

Utsolgt