Hopp til hovedinnhold
Placeholder image

Oppdagarane : om å reise til ytterkanten av verda

Melve, Leidulf

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 11.02.2027

Leveringstid: 1-6 uker

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

«Korleis hamna eg her?» kan William av Rubruck ha spurd seg då han kryssa Kysyl-Kum-ørkenen på veg mot den mongolske khanen. Kanskje gjorde Marco Polo det same, sjuk av malaria i Afghanistan og berre i startgropa av ei ferd som skulle vare i 24 år. Nokre blei sende av paven, andre drog av eiga drift, men ingen hadde kart å lite på eller garanti for å kome heim. Dei reiste for å misjonere, for å handle og for å sjå, og dei skreiv ned det dei møtte: mongolske hoff og kinesiske tempel, Hangzhou, «himmelens by», større enn nokon by i Europa, og rykte om menneske med hundehovud og ein myteomspunnen prestekonge. Leidulf Melve les dei europeiske reiseskildringane side om side med islamske og kinesiske, som Ibn Battutas, og viser kva som skjer når eit verdsbilete møter røyndomen. Resultatet er overraskande: Reisande som la ut med fordommar, kom attende mindre sikre på dei. Gong på gong gjekk skiljet mellom sivilisert og primitivt i oppløysing, og ansikt til ansikt såg menneske kvarandre som menneske.

Detaljer