Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Ei verd i endring : den globale mellomalderen 500-1500

Melve, Leidulf

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske. Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar. Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.

  • Utgivelsesdato:

    19.08.2020

  • ISBN/Varenr:

    9788282654906

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Dreyers forlag

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Emne:

    Verdenshistorie

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Ei verd i endring : den globale mellomalderen

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    316

  • Høyde:

    24.9 cm

  • Bredde:

    17.9 cm

Historieskriving om Noreg før 1800

Historieskriving om Noreg før 1800

Melve, Leidulf
9788282657020 Innbundet
13.08.2025
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Å studere historie

Å studere historie

Melve, Leidulf • Seland, Eivind Heldaas
9788245043556 Heftet
29.09.2023
Norsk (bokmål)

I salg
Historie : historieskriving frå antikken til i dag

Historie : historieskriving frå antikken til i dag

Melve, Leidulf
9788282656474 Heftet
01.09.2022
Norsk (nynorsk)

I salg
Kulturfond
Hva er globalhistorie

Hva er globalhistorie

Melve, Leidulf • Seland, Eivind Heldaas
9788215048079 Heftet
21.06.2021
Norsk (bokmål)

I salg
Historikerens arbeidsmåter

Historikerens arbeidsmåter

9788215030388 Heftet
07.02.2018
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk)

I salg
Kulturfond
Hva er middelalderen

Hva er middelalderen

Melve, Leidulf
9788215023595 Heftet
01.09.2016
Norsk (bokmål)

I salg
Globalhistoriografi : historie og historieskriving frå dei eldste tider til i dag

Globalhistoriografi : historie og historieskriving frå dei eldste tider til i dag

Melve, Leidulf
9788282651189 Innbundet
19.01.2015
Norsk (nynorsk)

I salg
Historie - historieskriving frå antikken til i dag

Historie - historieskriving frå antikken til i dag

Melve, Leidulf
9788276942477 Innbundet
2010
Norsk (nynorsk)

Utsolgt