
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Rettsleg forfølging av påståtte hekser og trollfolk prega store delar av Europa på 1500- og 1600-talet. Kor mange mista livet i denne menneskeforfølginga, kva utbreiing hadde ho i tid og rom, og kva var den utløysande faktoren? Blei rettsforfølginga utløyst nedanfrå, grunna dårlege naborelasjonar og skuldingar om vond magi i lokalsamfunnet, eller kom ho ovanfrå, frå haldningar hos samtidas intellektuelle, deira djevelfrykt og kvinnesyn? I denne boka gir Rune Blix Hagen ei oversikt over forskinga på trolldomsprosessane – både i Noreg og elles i Europa. Avslutningsvis kjem forfattaren med ei viktig påminning om at liknande menneskeforfølging går føre seg i andre delar av verda den dag i dag. Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking fram til i dag, og særleg trekker forfattaren fram norske bidrag etter 2010. UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2007
-
ISBN:
9788252170160
-
Språk:
-
Forlag:
Samlaget -
Fagtema:
-
Emne:
, Hekseprosesser , Europa
-
Serie:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Sider:
181
-
Høyde:
20.5 cm
-
Bredde:
12.8 cm
















