Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 13.1)

Omslagsbilde

Noreg under den andre verdskrigen

Bones, Stian Tjelmeland, Hallvard

Heftet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 11.06.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka oppsummerer forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. Det blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.STIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad.

Detaljer

  • ISBN:

    9788234007316

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Samlaget

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Emne:

    Andre verdenskrig, 1939-1945, Norge

  • Målgruppe:

    , Voksne

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Form:

    Lærebøker