Informasjonsproblem og økonomisk organisering
Heftet
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Dei som handlar saman, har sjeldan like mykje informasjon om den vara eller tenesta som vert handla. Ein person som ynskjer å kjøpa skade eller livsforsikring, veit meir om eiga åtferd og helse enn selskapet han vender seg til. Ein arbeidar kjenner eigne evner og eigen motivasjon betre enn arbeidsgjevaren. Ei verksems som spør etter kreditt, har som oftast betre informasjon om prosjektet som skal finansierast, enn långjevaren. I desse tilfella, og det er lett å finna fleire, er informasjonen skeivt fordelt mellom kjøpar og seljar. Korleis pregar slike informasjonsproblem økonomiske aktivitetar? Det spørsmålet har inspirert mykje økonomisk forsking de siste 20-30 åra. Forfattarene gjev eit oversyn over dei mest sentrale problemstillingane og resultata i dei to fyrste kapitla. I dei andre kapitla viser dei korleis informasjonsproblem pregar spesifikke marknadar: Kva konsekvensar har skeivt fordelt informasjon for organiseringa av kredittmarknaden, for bruken av auksjonar i offentleg sektor, for fordelinga av arbeidsoppgåver internt i verksemder - og for kontraktstilhøve i bensinmarknaden? Gaute Torsvik tok doktorgrad ved Norges Handelshøyskole i 1992. Frå 1991 til 1995 arbeidde han ved LOS-senteret. No er han tilsett som professor i sosialøkonomi ved Universitetet i Bergen.
-
Utgivelsesdato:
1998
-
ISBN/Varenr:
9788276741995
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforlaget
-
Fagtema:
Økonomi, finans, næringsliv og ledelse
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Sider:
193