
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
GRIP matematikk 1 dekker kompetansemåla etter modul 1 i læreplan i matematikk for førebuande opplæring for vaksne (FOV). GRIP matematikk 1 arbeidsbok tilbyr eit rikt utval av oppgåver til kapitla i GRIP matematikk 1 grunnbok, og forslag til stoff som kan førast i kladdebok. Oppgåvene er skriftlege og kan løysast individuelt, i samarbeid eller felles i klasserommet. GRIP matematikk 1 bygger vidare på Grip matematikk grunnmodul, og tek opp dei grunnleggande matematiske emna. I Grip matematikk 1 arbeidsbok jobbar deltakarane med dei heile positive tala, addisjon, subtraksjon, målingar, tid og økonomi. Oppgåvene er knytte til eksempel frå kvardagen og gir deltakarane motivasjon til å fordjupe seg i fagstoffet. Alle emna har blitt presentert grundig i grunnboka, med teorigjennomgang og munnlege oppgåver under Snakk saman. Gjennom samtale har deltakarane utvikla matematisk forståing og bygd eigne strategiar for oppgåveløysing. Nettsida til verket tilbyr fleire oppgåver og ressursar til bruk i undervisninga. Rolf Asbjørn Almås underviser ved Forberedende opplæring for voksne i Bergen. Grete Angvik Hermanrud underviser ved Trondheim voksenopplæringssenter (Trovo).
-
Utgivelsesdato:
02.09.2025
-
ISBN/Varenr:
9788211044495
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforlaget
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Grip matematikk 1 : Arbeidsbok
-
Originalspråk:
-
Utgave:
2
-
Sider:
255
-
Høyde:
28.7 cm
-
Bredde:
20.4 cm