Hopp til hovedinnhold

Klikk her for viktig info om avvik i leveranser og faktura, og for å lese om utvikling i nettbutikk (oppdatert 31. oktober)

Omslagsbilde

Frøken Rosita, eller Blomsterspråket ; Bernarda Albas hus : to skodespel

García Lorca, Féderico

Midlertidig utsolgt

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Federico García Lorca (1898--1936) høyrer til dei varaste, og tydelegaste, røystene i den moderne dramatikken. Hans gjennomført lyriske stykke, der kvar ein klang stemmer, og er på sin rette plass, har fått sin urokkelege status som klassikar i den moderne dramatikken. Mange av skodespela hans er skrivne på vers, han sa sjølv at eit teaterstykke er eit dikt som reiser seg opp og står. Mange av Lorcas drama manar fram bilde av kvinner -- sterke, svake, fanga av tradisjonar: Bernarda Albas hus, Yerma, Blodbryllaup og Frøken Rosita. Frøken Rosita eller Blomsterspråket er eit stykke som vekslar mellom poesi og realisme, det viser korleis syklusen til blomen Rosa mutabile, duftande - og visnande, følgjer Rositas fall. Bernarda Albas hus er Lorcas siste stykke, skrive det året han vart myrda, ved utbrotet av den spanske borgarkrigen. Stykket gir uttrykk for det han såg som ein tragisk livssituasjon for den spanske kvinna.

Detaljer