
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Hjørdis Kristin Longva stiller spørsmål ved kva som skjer når verken kvinna eller mannen klarer å ta imot den kjærleiken som kjem deira veg. Dikta er djupt personlege, men treff samstundes eit breitt publikum ved at mange kan kjenne seg att i det ho skriv. Hjørdis Kristin Longva er 52 år gamal. Opprinneleg sunnmøring og skriv på nynorsk, men har budd 32 år i Bergen og jobba som lærar i ungdomsskulen og med norskopplæring for vaksne flyktningar og innvandrarar etter åra på UIB. «Hjørdis Kristin Longva skriv mørkt og leikent om kjærleik, lengsel og vanskeleg kommunikasjon. Dikta grip tak i deg og held deg fast, litt sånn som forfatteren sjølv lengtar etter at nokon skal gjere. Eller gjer ho?» Ingeborg Rydsaa, medieviter og tidlegare journalist i BA «Denne diktboka handlar om å pusle seg eit liv. Med hjartet på hoggstabben. Om ikkje makte å ta i mot, men likevel våge, sjølv om tvilen pakkar oss inn i tjukk skodde. Om å bli lappa saman, få tetta dei innvendige sprekkene. Og om alt vi drassar rundt på av unødig bagasje. Orda treff!» Kristin Maridal, forfattar
-
Utgivelsesdato:
17.09.2024
-
ISBN/Varenr:
9788283984378
-
Språk:
-
Forlag:
Lyrikkforlaget
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Dikt
-
Utgave:
1
-
Sider:
64
-
Høyde:
20.8 cm
-
Bredde:
13.6 cm