Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Tigerens auge : roman

Lorentzen, Jon Olaf

Innbundet

Forventes utgitt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Den 9. april 1940 legg minesveiparen M1 til kai i ein liten norsk kystby på sørvestlandet, som fyrste del av den tyske inflasjonsflåten. Den unge og ambisiøse Kaleu, kapteinløytnant Hans Bartels er skipsførar av M1. Om bord har han soldater, utstyr og våpen til å okkupera den vesle byen, der han har ein klar ordre: kutt telegrafkabelen til Storbritannia! Under det korte landligget får Bartels augekontakt med ei kvinne i eit vindauge ovanfor kaien, og dei kjenner begge ei mystisk kraft strøyme fram og tilbake mellom seg. Ei anna kvinne stig dernest om bord i skipet då det set kursen vidare mot nord. Ho har budd i byen heile vinteren og våren, men ingen veit kven ho er og kva ho har drive med. Dernest skjer underlege ting. Ein rik jødisk kjøpmann forsvinn samtidig som ein lokal entrepenør unngår konkurs på mirakuløst vis. Kvinna i vindauget får vonde tankar ho ikkje forstår og utfører grufulle brotsverk. Bakteppet for forteljinga er autentiske historiske hendingar iblanda rein fiksjon. Teksten stiller det evige spørsmålet: Kor kjem ondskapen frå? Er eg offer eller bøddel?

Detaljer