Hopp til hovedinnhold

Oppdatert 25. november: Klikk her for viktig info om bokleveranser, faktura og utvikling i nettbutikken

Omslagsbilde

Syn og segn. Hefte 2-2016 : tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Bråten, Knut Aastad

Syn og Segn

|

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Les og lær meir om bevisstheitsforskar Johan Frederik Storm, som forklarar teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt. Temaartiklar om islam og korleis det er å vere ung muslim i Noreg i dag ved Assad Nasir, Lars Akerhaug, Fatema Al-Musawi og Nils Hallvard Korsvoll. Lena Ramberg i samtale med Aleksander Bern om aktivisme mot plassering av upopulære velferdstenester i eigen bakgard. Lars Lien skriv om «jøden» som konspiratør i norsk dagspresse, og Ingar Sletten Kolloen tek seks stopp i diktinga og livet til Tor Jonsson, som ville vore 100 år i år. «På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener», skriv Monica Bjermeland, og kva drøymer unge asylsøkarar om, undrar fotograf Aleksander Andersen. Kva vil det seie å vere snill, spør redaktør Knut Aastad Bråten om i leiaren sin. Og museumsmann Per Magnus Finnanger Sandsmark tek oss med inn i museumsmagasina. Og som ikkje det skulle vere nok: Flu Hartberg teiknar vidare på folket på Nakkeskotseter.

Detaljer