Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 16. oktober)

Omslagsbilde

Syn og segn. Hefte 4-2017 : tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Syn og Segn

|

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Noregs nei, samisk identitet, Homo naledi og Peer Gynt! Etter ni år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. «Nett no kjennest det som om dei åra eg har vore i Noreg, ikkje har betydd noko som helst. Det er som om det er tom tid som berre har forsvunne.» Les sterk samtale i Syn og Segn mellom Mona Ibrahim Ahmed og journalist og redaktør Hilde Sandvik. Det nye heftet har fleire temaartiklar om samisk identitet og kultur. Vi spør: Forventningane til samisk kultur kan synast einsidige og baserte på gamle klisjear og førestillingar. Men stemmer forventningane med røyndomen? Doktorgradsstipendiat Lene Liebe Delsett skriv om fossilet Homo naledi - eit nesten-menneske som har ført oss nærare sanninga om oss sjølve. Marta Norheim leitar etter naturen i litteraturen, og Sigrun Slapgard har nye tankar om Peer Gynt. Gunnstein Akselberg skriv om Martin Luther og borga og slotta som omgav han, medan Signe Nilssen forklarar alt om nye ord i norsk. Og til slutt: Jon Severud løftar dei tvisynte sin plass i samfunnet: «Tvisynet er ein eigen måte å sjå på. Det er eit sjølvblikk på eigen tankearkitektur.»

Detaljer