Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Anno 1902

Isdal, Alfred

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Kaptein Pedersen og hans besetning legg ut på ny Sør-Amerika-tur etter å ha overvintra på klyngetunet Henjum i Hermansverk. Nordnes Viking har vore på verkstad i denne tida. Me kan trygt seia det slik at det vart nokre romantiske månadar der inne på Systrond. Boka handlar om kapteinen og bonden Eivind Pedersen og hans unike mannskap. Kaptein Pedersen er ein balansert og dyktig leiar både på sjø og land. Med hell og dyktigheit får han mannskap og skip ut av kritiske situasjonar, som det framleis er mange av rundt 1900-talet på dei sju hav. Sjørøvarane si tid er ikkje over, og dei samarbeider med og vert styrd av folk høgt på strå i både politikken og forretningsverda. Telegrafi har modernisert sjøtransporten mellom Amerika og Europa rundt 1900-talet. Ikkje minst telekabelen mellom Norge og Skottland og telekabelen mellom Irland og USA har vore eit gode for heile Vest-Europa og Amerika og ikkje minst Norge, som har stor eksport av fisk ut i verda. Sjølvsagt utnyttar òg kjeltringane oversjøisk kommunikasjon til sin fordel. På denne nye Sør-Amerika-turen får ikkje Pedersen berre sjørøvarar å stri med. Ho Johanna, kona til kaptein Nilson, har kjøpt seg plass på Nordnes Viking sin nye tur til Rio. Ho vil på leiting etter mannen sin, for ho har ikkje høyrt frå han på eit lite år. Pedersen har på denne reisa med eit giftelystent mannskap som har vore på friarføter inne på Systrond. Ein av mannskapet har arva ein gard i klyngetunet Henjum, som har historisk sus frå lenge før vikingtida. Fire bryllaup og ein konge samstundes på Systrond er ikkje daglegdags. Gardsdrift krev litt meir kunnskap enn sjøfolka har frå ei seglskute. Fleire av mannskapet om bord på Nordnes Viking har vakse opp på gard, det er verre med arvingen, som kjem frå tjukkaste Bergen. Alt må lærast frå botnen av, men med god hjelp av gode naboar på Henjum og kollegaer om bord i Nordnes Viking vert desse ungdommane ein styrke for bygda.

  • Utgivelsesdato:

    16.04.2024

  • ISBN/Varenr:

    9788269107531

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Kystforlaget vest

  • Innbinding:

    Heftet

  • Sjanger:

    Historiske fortellinger, Spenning

  • Serie:

    Anno 2

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Skjønnlitteratur

  • Form:

    Romaner

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Utgave:

    1

  • Sider:

    359

  • Høyde:

    21 cm

  • Bredde:

    14.9 cm

Anno 1901

Anno 1901

Isdal, Alfred
9788269107517 Heftet
20.12.2022
Norsk (bokmål)

I salg
Mine barndomsår

Mine barndomsår

Isdal, Alfred
9788269107555 Heftet
16.04.2024
Norsk (nynorsk)

I salg
De tre uovervinnelige

De tre uovervinnelige

Isdal, Alfred
9788269107548 Heftet
10.09.2023
Norsk (bokmål)

I salg
Anno 1901

Anno 1901

Isdal, Alfred
9788269107517 Heftet
20.12.2022
Norsk (bokmål)

I salg