Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Skodjesoga : ved allfarvegen. Band 2. Frå 1894 til 2020

Høidal, Eldar Øyehaug

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Skodje har dei siste hundreåra vore kjend som skogkommunen på Sunnmøre, og landbruket var heilt fram til 1930-åra den berande næringa i kommunen. Etter den tid har industri- og servicenæringane teke over. Plasseringa av Skodje, som ligg nær regionsenteret Ålesund, har gjort kommunen attraktiv for busetjing og bedriftsetablering. Dei siste tiåra har Skodje vore blant kommunane i fylket med sterkast folketalsvekst. Det kjem ikkje berre av tilgjengeleg areal, men av eit breitt folkeleg engasjementet, som har plassert kommunen mellom dei fremste innanfor kulturlivet i regionen. I band 2 av Skodjesoga får du mellom anna vite meir om kommunen som har vore vertskap for Fjord Cadenza-festivalen, som har vore ein god heimstad for menneske med funksjonsvariasjonar, som vart utnemnd til verdikommune, og som har hatt grender med livskraft og vilje til sjølvhevding. Boka fører kommunesoga fram til Skodje vart ein del av nye Ålesund kommune i 2020. Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910-2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

  • Utgivelsesdato:

    14.10.2021

  • ISBN/Varenr:

    9788283051131

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Museumsforlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Skodje, Historie, 1905-1999, Skodje, Historie, 2000-2019

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Skodjesoga. Band 2. Frå 1894 til 2020

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    356

  • Høyde:

    28.5 cm

  • Bredde:

    23.8 cm

Bygdebok for Haram. Band 6. Brattvåg

Bygdebok for Haram. Band 6. Brattvåg

Høidal, Eldar Øyehaug
9788299878173 Innbundet
2024
Norsk (nynorsk)

I salg
Møbeleventyret : møringane som møblerte landet

Møbeleventyret : møringane som møblerte landet

Tandstad, Kjetil • Høidal, Eldar Øyehaug
9788282401401 Innbundet
26.11.2018
Norsk (nynorsk)

I salg
Gull av gråstein : næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år

Gull av gråstein : næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år

Høidal, Eldar Øyehaug
9788282400855 Innbundet
25.11.2014
Norsk (nynorsk)

I salg
To indre og vekk me'n : norsk skøytesports historie

To indre og vekk me'n : norsk skøytesports historie

Høidal, Eldar Øyehaug
9788202352523 Innbundet
09.02.2012
Norsk (bokmål)

Utsolgt