
Sund på Søre Sotra. Band 6. Kultursoga
Fyllingsnes, Frode
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Sund på søre Sotra – slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå ein song av Johannes Kleppevik. Sund var tidlegare eit øy- og kyst samfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gards-bruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og sørvis- og kulturtilbod. Band 1–5 i dette bokverket, utgjevne i åra 2012–16, er gards- og slektssoger for alle matrikkelgardane i kommunen. Det sjette bandet, som du no har i handa, er kultursoga. Ho fortel historia om Sund heilt frå slutten av den siste istida og fram til kommunesamanslåinga i 2020. Her kan ein lesa om korleis menneska levde i steinalderen, og om gards-samfunnet som vart til i jernalderen. Ved overgangen frå vikingtida til mellomalderen vann ein ny religion, kristendomen, fotfeste, og dei første riks-kongane begynte å byggja opp statsmakta med rettsstell og forsvar. Svartedauden midt på 1300-talet var ein katastrofe, med stort folketap og mange øydegardar. På 1600-talet får me for første gong kjelder som fører oss tett inn på sundsokningane. Me møter dei i kvardag og fest, i fiskebåten, på byferd, i arbeid på garden, i tingstova og på kyrkje-veg. Ved midten av 1700-talet vart skulestellet og fattigvesenet organisert.
-
Utgivelsesdato:
03.12.2019
-
ISBN/Varenr:
9788299980739
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Sund kommune
-
Innbinding:
Innbundet
-
Fagtema:
Livsstil, hobby og fritid
-
Emne:
Lokalhistorie, Kulturhistorie, Hordaland
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Faglitteratur
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Sider:
670
-
Høyde:
28.5 cm
-
Bredde:
22 cm