Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 2. september)

Omslagsbilde

Det norske helsesystemet : ei innføring i organisering, styring og politikk

Braut, Geir Sverre Aarheim, Kjell Arne

Heftet

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Eit grunnleggande prinsipp i Noreg er at helse- og omsorgstenestene skal vere tilgjengelege for alle. Derfor er dei eit offentleg ansvar, finansiert og styrt av staten og kommunane. Men korleis er dette komplekse systemet organisert, og korleis blir det styrt? Er det politiske eller faglege omsyn som ligg til grunn, eller begge delar? Og korleis er vårt helsesystem i forhold til andre helsesystem? Denne boka gir ei brei innføring i norsk helsepolitikk, korleis helse- og omsorgstenesta er organisert, finansiert og styrt, og kva utfordringar som må møtast i åra som kjem. Etter ein kort historisk bakgrunn for den ordninga vi har i dag, blir oppgåvefordelinga mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta presentert. Vidare vert det gjort greie for den nasjonale styringa av helse- og omsorgstenesta og korleis politikk blir omsett til praksis. Styringsverktøy som lovverk, økonomiske og organisatoriske verkemiddel vert gjennomgått, i tillegg til dei viktigaste reformene. Forfattarane ser vidare på konsekvensar av endra alderssamansetning i befolkninga, tilgangen på helsepersonell og organisatoriske utfordringar. Førebygging og helsefremmande arbeid og medverknad frå pasientar, brukarar og tilsette blir drøfta i eigne kapittel. Boka er godt oppdatert på problemstillingar frå den siste tida med omsyn til koronapandemien og smittevern. Geir Sverre Braut (f. 1955) er seniorrådgjevar ved Stavanger universitetssjukehus og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Braut er lege og spesialist i samfunnsmedisin. Han har hatt ei rekkje stillingar i helseforvaltninga, mellom anna fylkeslege i Rogaland og assisterande direktør i Statens helsetilsyn. Kjell Arne Aarheim (f. 1958) er førstelektor ved Fakultet for helsefag, VID Bergen. Aarheim er sjukepleiar, intensivsjukepleiar og cand.polit. i helsefag, og har mangeårig praksis som sjukepleiar og leiar i sjukeheim og heimesjukepleie.

  • Utgivelsesdato:

    16.10.2020

  • ISBN/Varenr:

    9788234001062

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Samlaget

  • Fagtema:

    Medisin og sykepleie

  • Emne:

    Helsevesen, Norge

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originaltittel:

    Det norske helsesystemet

  • Sider:

    199

  • Høyde:

    24 cm

  • Bredde:

    17 cm

Aldring : nye forutsetninger i en ny tid

Aldring : nye forutsetninger i en ny tid

9788230403105 Heftet
24.05.2023
Dansk, Norsk (bokmål)

I salg
Risiko og tilsyn : risikostyring og rettslig regulering

Risiko og tilsyn : risikostyring og rettslig regulering

9788215024240 Heftet
24.06.2015
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Norsk medisinsk ordbok og Engelsk-norsk/Norsk-engelsk medisinsk ordliste : pakke

Norsk medisinsk ordbok og Engelsk-norsk/Norsk-engelsk medisinsk ordliste : pakke

9788252179798 Innbundet
01.07.2011
Engelsk, Norsk (nynorsk)

I salg
Norsk medisinsk ordbok

Norsk medisinsk ordbok

9788252175073 Innbundet
09.06.2011
Norsk (nynorsk)

I salg