
Vindfall : noveller
Hovde, Torbjørn
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Torbjørn Hovde skriv seg inn i ein lang folkelig forteljartradisjon med novellesamlinga .Vindfall.. Han er ikkje akkurat på moten lenger, denne tradisjonen, og det er nettopp noko av Hovde sin styrke at forteljingane hans er så annleis. Det ville neppe ha vore nokon av dei store forlaga som hadde våga å satse på ein så utidsriktig forfattar. Men da er det vel å merke ikkje litterær kvalitet det går på. For Hovde viser seg på ny som ein god og poengtert forteljar innan den tradisjon han hører heime i. Stoffet er henta frå bygdelivet, gjerne frå nokre år tilbake. Men tema er gjerne av allmennmenneskeleg karakter og er ikkje nødvendigvis avgrensa til det bygdenorske. Ofte ligg ein medfølande smil på lur i skildringane av menneskeleg svakheit og styrke, og mang ei stemning går det n å humre attkjennande til. Men det er òg forteljingar som er mørkare i tonen. Gjennomgåande har Hovde god balanse i framstillingsforma. Han er ein vidareførar av forteljartradisjonen på Hedemarken, og han beherskar den skriftleg betre enn dei fleste.
-
Utgivelsesdato:
2002
-
ISBN/Varenr:
9788292268025
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Hovde forlag
-
Innbinding:
Heftet
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Skjønnlitteratur
-
Form:
Noveller
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Utgave:
1
-
Sider:
145