Litteraturformidling i lokale bibliotek : møte mellom teori og praksis
Heftet
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt – direkte møte mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne drive litteraturformidling av høg kvalitet. Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg og profesjonell dømmekraft.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
14.04.2020
-
ISBN:
9788202615864
-
Språk:
-
Forlag:
Cappelen Damm akademisk -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
-
Originaltittel:
Litteraturformidling i lokale bibliotek
-
Sider:
219
-
Høyde:
23.9 cm
-
Bredde:
16.9 cm






