
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Denne boka gir ei grundig innføring i korleis psykiatrien i kommunane har utvikla seg frå av 1970-åra fram til år 2000. Den første delen viser hovudtrekk frå psykiatrien i den nære fortida vår. Den andre delen gir innsyn i oppstart og utvikling av psykiatrisk sjukepleie i kommunane. Den tredje og største delen dreier seg om kva ideologi, kunnskapssyn og arbeidsmåtar som har vore plattforma til dei psykiatriske sjukepleiarane i dette nybrotsarbeidet, og som var grunnlaget for det tverrfaglege psykiske helsearbeidet som har vakse fram etter kvart. Boka får også fram viktige skilnader mellom å vera psykisk helsearbeidar i ein kommune og på ein psykiatrisk institusjon, og korleis desse skilnadene viser seg i samarbeid med pasientar, brukarar, pårørande og fagfolk på ulike nivå. Den siste delen av boka gir eit lite gløtt inn i korleis kommunepsykiatrien kan ha utvikla seg til å bli i 2020. Den viktigaste målgruppa er studentane ved dei tverrfaglege vidareutdanningane i psykisk helsearbeid. Boka kan også vera nyttig for grunnutdanningar i helse- og sosialfag, og er sentral for alle faggrupper som arbeider med psykiatriske pasientar, både i kommunar og på psykiatriske institusjonar. Helga Robberstad er psykiatrisk sjukepleiar og førstelektor ved Høgskulen i Stavanger, avdeling for helse- og sosialfag. Ho har i mange år undervist ved vidareutdanninga i psykiatrisk sjukepleie, og dei siste åra ved vidareutdanninga i psykisk helsearbeid. Ho var hovudforfattar til boka Eit betre liv?, og har seinare skrive Pasient frå 9-15.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2002
-
ISBN:
9788276746860
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforl. -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Kommunepsykiatri
-
Sider:
232
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm