Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Under open himmel : frå lammelår i kokegrop til padletur på stille vatn

Aas, Atle Frette, Ingunn Eskeland, Johanne Straumstein, Kristin

Forventes utgitt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Under open himmel Frå lammelår i kokegrop til padletur på stille vatn Har du padla kano på stille vatn? Har du steikt hamburgar på vedfyrt jerntakke eller laga potetkaker på bålwok? Har du smaka fisk som er baka i folie med lokale urter? Eller ete kyllingsuppe kokt på stormkjøkken? Har du baka brød i sjusteinsomn? Kan du lage lammelår i kokegrop? Har du bygd iglo? Eller kappkjørt med romersk «stridsvogn», som du har bygd saman med dei andre på laget? Likar du å vere ute? Under open himmel? I denne boka viser Etnespeidarane aktivitetar og mat dei har hatt på møta sine dei siste åra, under merkelappen «Laurdagsspeiding». Laurdagsspeiding er fire timar lange speidarmøte, med aktivitetar og matlaging, der barn, unge og vaksne har det kjekt saman. Boka viser aktivitetar og oppskrifter slik at du kan lage maten og gjennomføre aktivitetane sjølv. Aktivitetar og mat er sett saman til åtte ferdige møteopplegg og ein tur, som kan gjennomførast med grupper på fem til ti barn, unge og vaksne i fellesskap, etter ei gudsteneste, i eit hyttefelt, i speidargruppa, i eit idrettslag eller på skulen.

  • Illustratør:

    Håland, Rimma

  • Utgivelsesdato:

    29.09.2014

  • ISBN/Varenr:

    9788281630680

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Kapabel

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Målgruppe:

    Ungdom

  • Alder:

    13 - 16

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    128

  • Høyde:

    22.5 cm

  • Bredde:

    24 cm