Modellering og anvendingar : matematisk modellering i skulen
Heftet
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Kva er eigentleg matematisk modellering? Korleis ser matematisk modellering ut i klasserommet? Og korleis kan lærarar støtte elevar i å utvikle modelleringskompetanse? Modellering og anvendingar. Matematisk modellering i skulen gir lærarstudentar og lærarar ei grundig innføring i matematisk modellering. Boka er praksisnær og inneheld oppgåveidear og døme frå skulekvardagen. Du får tips til arbeid med matematisk modellering i klasserommet og korleis du kan gjere undervisninga meir praktisk og relevant. Forfattarane av boka underviser matematikk i lærarutdanninga og har bakgrunn som lærarar i grunnskule og vidaregåande skule. Dei forskar på matematisk modellering og bruken av matematikk i dagleglivet og samfunnet. Boka er utforma med bakgrunn i forfattarane sine erfaringar frå undervising og forsking, og dei har lagt vekt på å knyte saman teori og praksis. Ho tek føre seg pedagogiske og didaktiske prinsipp for undervisning av modellering og vurdering av elevane sin modelleringskompetanse. Boka er forankra i internasjonal vitskapleg litteratur om og forsking på temaet matematisk modellering i klasserommet. Boka er eit viktig bidrag der idear frå forskingsfeltet er samla i ei lærebok på norsk. Modellering og anvendingar. Matematisk modellering i skulen gir deg verktøya du treng for å undervise matematisk modellering. Boka er aktuell for lærarar og studentar som tek lærarutdanning.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
09.03.2026
-
ISBN:
9788215065793
-
Språk:
-
Forlag:
Universitetsforlaget -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Sider:
156
-
Høyde:
21.3 cm
-
Bredde:
15 cm
